Kontakte Sølvgarden Hotell & Feriesenter?
Vi har lyst til å gjøre deres bryllup fantastisk!
Fyll ut skjemaet under, og vi vil besvare deg snarest.
Sølvgarden Hotell & Feriesenter ligg i idylliske Setesdal blant fossar og fjell. Dei rolege omgjevnadene og den flotte naturen er med på å skape den perfekte og eventyrlege ramma rundt den store dagen, anten de ynskjer ei lita intim feiring eller ei større markering. Vår strategiske plassering, midt i Setesdal, gjev mange moglegheiter for kor vigselen kan finne stad, samt kort veg til både flotte plassar for fotografering og Sølvgarden.
I vår- og sommarmånadene er det mange brudepar som vel å ha vigselen nede ved elva, Otra. Her har me opparbeid eit område perfekt for anledninga. Vigselen kan også finne stad i Hylestad Kyrkje, ca. 500 meter frå Sølvgarden, eller kanskje blant gamle bygningar på Rygnestadtunet som har røter tilbake til middelalderen.
God mat gjer seg ikkje sjølv, det krev gode råvarer og kjærleik til faget. Hos oss skal mat vere ei oppleving, og skal også kunne nytast med augne. Me serverer helst råvarer som er hausta i naturens spiskammer eller tilskipa av lokale produsentar. Vel blant vår bryllupsmeny eller komponer din eigen.
Hotellet har 23 hotellrom, 5 motellrom og 10 fullt utstyrt hytter som gjev moglegheiter for overnatting for gjester. Tårnsuita i tre etasjer er ei sjølvfølge for brudeparet. Nyt heile helga med gjestene, eller kun dei næraste i roleg atmosfære eller spør oss om andre aktivitetar. Me tilpassar bryllupslokalet slik at det blir passeleg intimt. Ikkje for stort, ei heller for lite.
Vi ligg strategisk plassert midt i Setesdalen, der vegane mellom aust og vest (Oslo – Stavanger) og nord og sør (Kristiansand – Bergen) kryssast.
Prisar frå kr 990,-
Setesdalsvegen 3214 - 4748 Rysstad
Aust-Agder
Østfold, Akershus, Oslo, Hedmark, Oppland, Buskerud, Vestfold, Telemark, Vest-Agder, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Trøndelag, Nordland, Troms, Finnmark
Solveig
Tusen takk for eit fantastisk opphold! Maken til service, hyggelige folk og fin plass! Så takknemlige for at de tok imot oss på kort varsel og lagte dagen så perfekt! Me kjem til å anbefala Sølvgarden til alle! Ha ein flott dag vidare!